Utgivelser av Samfunnsøkonomene

Du kan begrense utvalget til høyre

Samfunnsøkonomen nr 1 2011Tilbake til artikkeloversikt

Barn – eit element i nyttefunksjonen

Det står visstnok dårleg til med likestillinga i arbeidslivet her til lands. Gjennomsnittskvinna tener berre 85 prosent av gjennomsnittsmannen og ligg dårlegare an økonomisk etter samlivsbrot. Av dei 500 største norske selskapa er det berre 35 som har kvinnelege toppleiarar. Dette blir oppfatta som dårleg nytt – helst bør kvinner flest vere i arbeid, tene akkurat like mykje som menn uansett kva jobbar dei vel og gjere det like godt i heile karriereløpet. Problemet er berre at dei gode ordningane som tek seg av dei brysame barna stikk kjeppar i hjula. Ein ny britisk rapport viser at land med gode ordningar for samvær med barn har færre kvinner i styrer og toppleiing. Altså desto dårlegare svangerskapsordningar, desto fleire kvinner vel å gjere karriere. I kjølvatnet av rapporten blei det stilt spørsmål ved om dei norske permisjonsordningane er for gode.

Denne tenkjemåten ignorerer tilsynelatande at samvær med barn har ein eigenverdi. I eit økonomperspektiv er det underleg at nytteverdien av barne-samvær er utelatt frå debatten rundt kvinners – eller menns – arbeidstilbod. Faktum er at barn blir opplevd som eit gode; typisk nok er tida med barn i heimen det ein tenkjer tilbake på med størst glede seinare i livet. For å ha glede av barna, må ein helst bruke tid i lag med dei. Når ein vel å bruke tid på barna framfor lønna arbeid, er dette same typen avveging som mellom materielt konsum og anna form for fritid, som har stor plass i litteraturen.

Det er muleg gjennomsnittskvinna ikkje veit kva denne typen fritidskonsum kostar henne. Men det er også muleg at kvinner gjer denne avveginga heilt bevisst. I tråd med standard teori må ho avstå frå andre gode. Mindre tid på jobben betyr mindre kompetanseoppbygging og lågare løn over livsløpet – heller ikkje når det gjeld barn kan ein få i både pose og sekk.

La oss snu det heile, og spørje om det ikkje er gjennomsnittsmannen som kjem dårleg ut. Han får mindre nytte frå barne-samvær, i staden legg rollemodellen og forventningspresset opp til at han skal halde seg på jobben og skaffe inntekter som familien kan konsumere. Han har rett nok større konsummulegheiter enn gjennomsnittskvinna om dei skil lag, sidan han tener meir, men på den andre sida har han mindre sosialt nettverk å dele pengane med, inkludert barna som han har hatt mindre kontakt med gjennom oppveksten. Dessutan har han kortare attståande levetid å bruke pengane på, delvis som følgje av belastningar gjennom arbeidslivet. Nytten av det samla konsumet kan lett bli overvurdert når ein berre fokuserer på inntektsforskjellane mellom kjønna.

Kvinners inntekt er som kjent også sterkt påverka av yrkesval, og dette valet skjer tidleg i livet, når ein er mest naiv og idealistisk og får høyre kor viktig det er at ein vel etter hjartet og ikkje etter hjernen. Informasjon om løn knytte til dei enkelte yrka er fråverande, rådgjevinga i vidaregåande skule legg hovudvekta på elevane sine kortsiktige interesser. Det er då løpet blir lagt for at overvekta av yrka med lavt verdsatt arbeidskraft blir fylde opp av unge kvinner – det enklaste er å følgje rollemodellane ein kjenner frå oppveksten.

Informasjon om kva løn ein kan vente seg i dei ulike yrka vil gjere unge kvinner betre i stand til å vurdere kostandene ved å velje tradisjonelt. Dersom fleire kvinner siktar seg mot høglønsyrka frå starten av, vil arbeidsgjevarane til dei lågløna måtte gjere seg meir attraktive i form av å skru opp lønene. Inntektsforskjellane mellom yrkesgruppene vil bli mindre, og livslønsinntektene til kvinner høgare. Det kan bli dyrt for stat og kommune, som sysselset hovudvekta av dei lågløna yrkesgruppene, og forklarer kanskje kvifor det blir lagt lite vekt på å fremje likestilling gjennom endra yrkesval. Det kan også forklare kvifor det er viktig å få kvinner ut av heimen og tilbake til låglønsyrka snarast råd.

Men å åtvare mødrer – og fedre – om å bruke tid med barna blir som å åtvare mot å sløse vekk pengar på ny bil eller forlenga ferie. Sidan barn er eit gode i nyttefunksjonen, er det ikkje overraskande om gjennomsnittskvinna vel å vere heime når samfunnet legg til rette for det. Men ho må vite kva det kostar. I staden for å moralisere bør ein sikre god nok informasjon om dei økonomiske konsekvensane av både yrkesval og tidsbruk, og stole på at gjennomsnittskvinna kan tenkje sjølv.